Det opplyser Vest polidistrikt i ei pressemelding.
Det var søndag i 09-tida at kvinna vart meldt sakna frå institusjonen ho budde på. Politiet sette i gang ein stor leiteaksjon søndag ettermiddag der både politihelikopter frå Oslo, og frivillige frå Røde Kors og Norske Redningshundar deltok.
I samråd med dei pårørande vart det sendt ut namn og bilde av den sakna kvinna.
Klokka 16.06 vart kvinna funnen i nærområdet til institusjonen.
Ho er no køyrt til lokal legevakt og vil etter kvart bli køyrt tilbake til institusjonen, opplyser operasjonsleiar Jørgen Ommedal.
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33