I 2024 tar kommunen over bygget som no rommar Hafstad vidaregåande skule, då vgs. skal inn i nyskulen på Øyrane. Det er foreslått at Førde ungdomsskule skal flytte til bygget på Hafstad, og at Førde barneskule skal overta bygget til ungdomsskulen.
Det er no også foreslått at krinsen til Halbrend skule blir del av éin felles ungdomsskule i Førde. Det ligg inne som kommuneadministrasjonen sitt framlegg til vedtak. Då saka skulle handsamast i Utval for Oppvekst onsdag 8. februar, blei det der vedtatt å utsetje saka. Det var berre Frp som ikkje ønske utsetting, men som ville gå for administrasjonen sitt framlegg til vedtak.
Dette er ikkje endeleg avgjort, då saka også skal opp i formannskap og kommunestyre.

Vil samle alle ungdomsskulane i Førde på éin skule