Såg flammar frå pipa og varsla brannvesenet

RYKTE UT: Utrykkingsleiar Tore Skarholm og to andre i Førde brannvesen rykte ut til brannen.

RYKTE UT: Utrykkingsleiar Tore Skarholm og to andre i Førde brannvesen rykte ut til brannen. Foto:

DEL

Klokka 12.16 fekk brannvesenet melding om ein pipebrann i eit rekkehus i Førde.

– Vi er framme og har kontroll på situasjonen. Årsaka til brannen er truleg heftig fyring, seier vaktleiar Frode Eide på Alarmsentralen rundt klokka 12.30.

Det var naboar som ringde brannvesenet og melde frå at det brann i pipa. Dei skal ha sett synlege flammar.

– Det skal ikkje ha kome noko røyk inn i huset. Vi skal no feie pipa, fortel Eide.

Det var ikkje vere fare for spreiing, opplyser Vest politidistrikt. Ifølgje politiet har huseigar truleg brunne eit juletre i omnen.

– Dette er ikkje anbefalt. Tørr granbar gir store flammar og varmen kan føre til pipebrann, skriv politiet.

Oppdraget var over like før klokka 13.00.

Utrykkingsleiar Tore Skarholm seier til Firda at dei rykte ut til brannen med totalt tre mann.

– Det var ikkje dramatisk og vi fekk sløkt brannen raskt. Det har brunne i sot oppetter pipa, men vi kjenner ikkje til kva som er årsaka, seier han.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags