Gå til sidens hovedinnhold

Såg fire personar klatre inn vindauge på skule

Politiet rykka ut etter melding om potensielt innbrot.

Klokka 03.22 fekk politiet inn melding om at det var sett fire personar klatre inn eit vindauge på Hjelle skule i Nordfjordeid.

– Politiet var raskt på staden, men fann ingenting. Det var eit ope vindauge, og vi gjekk inn og såg, men vi fann ikkje noko som var vekke eller skada. Sannsynlegvis stod vindauge opent, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Ifølge meldinga var det fire unge gutar som klatra inn.

– Det var nok kanskje heller gutestrekar, enn tjuvar, seier Hellesund.

Politiet følger ikkje opp saka, med mindre skulen melder inn at noko er øydelagt eller stole.

Kommentarer til denne saken