Gå til sidens hovedinnhold

Så mange dosar av Pfizer-vaksinen kjem i første kvartal

To avtalar om sal av vaksinar til Norge er ferdigstilt. Det inneber at Noreg får minst 500.000 dosar av Pfizer-vaksinen i første kvartal, ifølgje VG.

Totalt får Norge kjøpe 2,5 millionar vaksinedosar, som er éin prosent av det EU har avtalt å kjøpe hittil.

– Totalvolumet er 2,5 millionar dosar. Så er det alltid litt uvisst med leveranseskjema, men minst 500.000 dosar kjem i første kvartal frå Pfizer, seier Sveriges vaksinekoordinator Richard Bergström til VG.

Han forhandlar vaksineinnkjøpsavtalar for EU, og er den som sikrar NorgE vaksinar ved at Sverige kjøper inn Noregs dosar, og vidaresal dei til Norge.

Til no er to slike vidaresalsavtaler ferdigstilte. Førre veke vart Pfizer-avtalen ferdig, og i oktober vart avtalen for Oxford/AstraZenecas vaksinekandidat klar.

Kommentarer til denne saken