Klokka 18.20 søndag kveld melder 110 Vest om at brannvesenet rykker ut til Våtedalen nord for Skei etter melding om trafikkulykke.

Det er lite som er kjend førebels, men meldinga skal gå ut på at det er ein personbil som har køyrt i autovernet.

Politi Vest har førebels ikkje lagt noko ut på Twitter om ulykka, og det har heller ikkje lykkast Firda å komme gjennom til politiet på telefonen for å få meir informasjon om ulykka.

Hos Alarmsentralen 110 Vest kan dei opplyse om at det er snakk om moderate skadar på bilen som er involvert.

– Bilen skal ha fått skadar på venstre side, men førar er oppegåande og verkar uskadd.

Firda kjem tilbake med meir.