Gå til sidens hovedinnhold

Rykte ut til Sandane etter brannalarm midt på natta. Årsaka? Matlaging

Brannvesen rykte natt til torsdag ut til ein bustad på Sandane.

Klokka 02.33 natt til torsdag melde 110 Vest at dei rykte ut til ein automatisk brannalarm i Gloppen, nærare bestemt Sandane. Då dei kom fram til staden, fann dei raskt ut av årsaka.

For midt på natta, midt i veka, var matlaging grunnen til at brannalarmen løyste seg ut. Brannvesenet returnerte kort tid etter, melde dei på Twitter 02.41.

Kva som er årsaka til det seine måltidet, er uvisst for Firda.

Kommentarer til denne saken