Brannvesenet rykte ut til staden, melde 110 Vest klokka 21.16 fredag kveld.

Vaktkommandør Ronald Drotningsvik fortalde til Firda klokka 21.38 at dei hadde mannskap på veg til staden, men sidan dei kom frå Svelgen så var reisevegen lang.

– Dei har nær tre kvarters køyring før dei er på staden. Men vi har snakka med vedkommande som bur i huset. Sikringa til kjøkkenet skal no vere kopla ut og knitringa frå ventilatoren gav då seg, sa Drotningsvik.

Vaktkommandøren fortalde at det som var av røykutvikling også hadde avteke, men at mannskapet skulle køyre ein kontroll på staden.