Rykte ut til lekkasje frå nitrogentank

Brannmannskapet er på staden og undersøker.

DEL

Klokka 15.50 melde Vest politidistrikt om mistanke om lekkasje frå ein tank som står utanfor den gamle aluminiumsfabrikken i Stongfjorden.

Tanken er merka nitrogen.

– Brannmannskap har no vore på staden, og ein kjentmann seier at tanken høyrer til eit produksjonsanlegg. Når forbruket er lite, vil taknen avlaste trykket, og sleppe ut ei gassky. Dette er visstnok heilt normalt, seier vaktleiar Dan Inge Gjedsal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken