Gå til sidens hovedinnhold

Rykte ut til gnistar på Sunnfjord hotell

Klokka 05.44 fekk politiet melding om at det kom gnistar frå eit sikringsskap på Sunnfjord hotell i Førde.

– Brannvesenet og politiet drog til staden, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Steinar Hausvik.

Hausvik fortel at det ikkje kom flammar frå sikringsskapet.

– Ingen vart evakuert og ingen vart skadde, seier han.

Lastebil i fyr på E16

Klokka 02.38 fekk politiet melding om brann i ein lastebil på E16 i retning Lærdal.

– Lastebilen har vore i full fyr, men brannen er no sløkt.

Det er ikkje meldt om noko personskade.

Sidan lastebilen skal ha vore i nærleiken av Tuftåstunnelen, vart tunnelen stengt medan sløkkingsarbeidet heldt på.

Klokka 07.35 meldte vegtrafikksentralen at vegen er open for trafikk.