Rykte ut til brann i Sogndal – falsk alarm

DEL

– Klokka 02:30 fekk brannvesenet melding om at ein automatisk brannalarm hadde gått av i Sogndal Kulturhus, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Brannvesenet rykte ut, men i kulturhuset brann det ikkje.

– Dei merka seg ei dør som stod på gløtt, og trur kanskje nokon har gått inn og trykt på brannalarmen, men det er berre ein teori, seier Hellesund.

Ein patrulje følgde i natt frakt av vindmøller ut til Florø.

– Patruljen kontrollerte nokre bilar som dukka opp i nærleiken, men fann ingenting å sette fingeren på.

Artikkeltags