Søndag klokka 19.06 fekk brannvesenet i Førde ei melding om brann og røykutvikling på eit bu- og servicesenter i Steinavegen i Førde. 

Brannvesenet i Førde rykte ut med fleire bilar og evakuering av bygget starta umiddelbart. 

Den første brannbilen var på staden klokka 19.15. Om lag eit kvarter seinare var brannen sløkt, opplyser vaktkommandør Tore Fanebust hos 110-sentralen Vest.