Klokka 21.50 måndag kveld melde Politiet på Twitter at naudetatane rykker ut etter melding om brann i ein produksjonshall.
Industribygget ligg i Industrivegen på Sandane.
Brannmannskap kom raskt til staden og fekk sløkt brannen. Den skal ha oppstått i maskineri.
Framover skal dei lufte ut røyken og forsikre seg om at brannen ikkje har spreidd seg vidare. Så langt tyder ingenting på det, opplyser Alarmsentralen til Firda.
Firda oppdaterer saka fortløpande.