Brannvesenet har fått melding om eit stort bål på Breim i Gloppen. Det er uvisst om bålet er under kontroll, og brannvesenet er på veg, melde alarmsentralen 110 Vest på Twitter.
– Vi fekk ei avstandsmelding om at det var observert store flammar, då vi kom fram fann vi ein mann som hadde fyrt opp eit stort bål etter at det vart mørkt. Då brannvesenet kom fram, dreiv han og sløkte i terrenget rundt bålet. Brannvesenet hjelpte til og dynka, så brannen ikkje skulle spreie seg, seier fungerande vaktleiar ved 110 vest, Sigurd Hadeland.