Gå til sidens hovedinnhold

Rykte ut etter melding om røyk frå vindauge i leilegheitsbygg i Florø

Naudetatane rykte laurdag kveld rundt klokka 18.30 ut etter melding om mogleg brann i eit leilegheitsbygg i Florø. Politiet opplyser at det er fire bueiningar i bygget og at det er mykje røyk på staden.

Evakuering er starta. Kort tid seinare opplyser 110-sentralen at dei har kontroll på staden. Det skal ha vore røyk i samband med matlaging, og ikkje opne flammar.

Ein person blei henta ut av leilegheita, og blir sett til av helsepersonell. Personen var vaken og medviten. Det skal ikkje ha vore fleire i leilgeheita.

Har du bilde, video eller informasjon frå staden? Del det gjerne med oss her.

Les også

Røykdykkarar henta ut person frå leilegheit i Florø