Gå til sidens hovedinnhold

Rykte ut etter melding om flammar frå skorstein

Brannvesenet er på veg til brann i Luster.

SOGN AVIS: – Det er folk som har fyrt i peisen og meldt frå om flammar ut av skorsteinen, fortel Glenn hamre, fungerande vaktkommandør ved 110 Vest tysdag føremiddag.

Meldinga kom inn klokka 1100 og brannmannskap vart kalla ut. Pipebrannen skal vera i eit hus i Bjørnetun i Luster. Brannmannskapet er ikkje komne fram til huset enno. Hamre fortel at dei som bur der har fått beskjed om å stenga trekket.

– Så veit me meir når mannskapet er framme, seier Hamre.

Klokka 1130 melde 110 Vest at brannmannskapet var kome fram til den aktuelle staden.

Eit kvarter seinare hadde brannmannskapet på staden meld til 110 Vest at saka var sjekka ut.

– Dei sjekka pipa for høge temperaturar og fann ut at alt var i orden, så dei returnerte ganske kjapt, seier Håkon Myking, vaktkommandør ved 110 Vest.

Kommentarer til denne saken