Gå til sidens hovedinnhold

Rykte til ulmebrann på skule i Bremanger

Eingongsgrill ser ut til å vere årsaka. Brannvesenet har kontroll på brannen no.

Klokka 09.31 torsdag melder Vest politidistrikt at naudetatane rykker til mogleg brann i Hauge skule i Grotlevegen i Bremanger.

Det er i kledningen til bygget det skal ha ulma.

– Det er kanskje ein eingongsgrill i området som kan vere årsaka. Men vi veit ikkje enno. Det er ikkje bekrefta. Det er ikkje sett flammar. Vi er på veg, seier operasjonsleiar Terje Magnussen på operasjonssentralen til politiet.

Brannvesenet fekk melding om ulming i kledningen til bygget klokka 09.22. Klokka 09.46 kan kommandør Helge Lund på 110 Vest-sentralen melde at brannvesenet er komen på staden for få minutt sidan. Dei har kontroll på staden.

– Det er mest truleg ein eingongsgrill som er årsaka til dette her. Vi har fått opna opp litt kledning og dynka med vatn. Vi ser at temperaturen er nede att no.

– Har det vore personar inne i bygget?

– Det veit vi ikkje. Men det er ingen som skal ha fått i seg røyk. Det er ikkje meldt om personskade på staden, seier han.

Rundt 10.15 melder brannvesenet at brannen er sløkt.

Kommentarer til denne saken