Statens vegvesen legg tysdag ut eit framlegg til reguleringsplan for riksveg 5 Lunde – Lundebotn på offentleg høyring. Det kjem fram i ei pressemelding frå Vegvesenet.

Der peikar dei på eit ønskje om å regulere areal for å bygge forbikøyringsfelt og kjettingplassar. Desse vil dei ha på rv. 5 mellom Kjøsnestunnelen i Sunnfjord kommune og Fjærlandstunnelen i Sogndal kommune.

Bratt stigning

Nærare bestemt gjeld dette éi speisifikk strekning mellom Lunde og Lundebotn. Denne er om lag to kilometer og har ei stigning på opp mot åtte prosent. Den bratte stigninga fører til at spesielt tyngre køyretøy mister fart og det oppstår trafikale problem, spesielt vinterstid.

Med å bygge forbikøyringsfelt og kjettingplassar slik dei ønskjer, vurderer Vegvesenet at ein vil få betre trafikktryggleik og vesentleg betre framkomst på strekninga.

Hindrar ikkje gondolprosjekt

Parallelt med dette blir det jobba med planar for å realisere Jostedalsbreen Glacier Gondol.

Statens vegvesen og Jostedalsbreen AS har hatt godt samarbeid for å prøve og samordne planane. Gjennom dette arbeidet viste det seg mest hensiktsmessig for begge partar å jobbe med planane kvar for seg.

Statens vegvesen meiner at deira planar for rv. 5 mellom Lunde og Lundebotn er mogleg å kombinere med bygging av gondolprosjektet.

– Vår plan legg opp til at rasvollen på nordsida av rv.5 må forlengast. Truleg må denne flyttast og/eller forlengast endå meir ved ei framtidig bygging av botnstasjon for gondolanlegget. Dette er løysbart, og våre planar vil ikkje vere til hinder for bygging av gondol, seier seksjonssjef Tone Anette Espe i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Prioritert

Dette er eit prosjekt som Statens vegvesen prioriterer i gjennomføringsplanen til NTP (Nasjonal transportplan).

Seksjonssjef Espe legg til at for å komme i posisjon for tildeling av midlar er gryteklare planar heilt vesentleg.

– Prosjektet treffer godt med omsyn til fleire av Statens vegvesen sine toppmål: Det gjer betre og meir føreseieleg framkomst og betre trafikktryggleik, det aukar konkurranseevna for næringslivet, det gjer meir for pengane, og ikkje minst så tar vi vare på og utviklar det vi har, seier Espe.