Riksveg 5 vil framleis vere stengt mellom nedkøyrslane til Fjordbase i Florø, etter at det gjekk eit ras som delvis trefte ein lastebil der tysdag kveld.

– Det har vore geolog på staden. Frå entreprenøren har vi fått melding om at det vil bli gjort ei ny vurdering torsdag klokka 12.00, seier trafikkoperatør Eirik Elnes ved Vegtrafikksentralen Vest.

Omkøyring blir fortsatt via sørsida av Brandsøyåsen.