Klokka 16.38 kom meldinga frå Vegtrafikksentralen vest om at det hadde gått eit snøskred på rv. 13 i Holasvingane på veg til Vikafjellet frå Myrkdalen.

Raset dekte delar av vegbana, men det var passasje i eitt felt og ein entreprenør vart sendt til staden for å rydde.

Raset kjem ikkje lenge etter at det vart meldt om eit anna ras i nettopp Holasvingane. Dette raset vart meldt klokka 09.44 om morgonen. Også då var det kome snø i ei av vegbanene, og entreprenør vart sendt til staden for å måtte rydde.

Ryddinga etter det siste raset var over klokka 18.22. Då var det meldt at vegen var opna att for fri ferdsel.