Vegtrafikksentralen Vest melde klokka 13.59 andre påskedag om eit snøskred på rv. 13 over Vikafjellet.
Skredet vart meldt å ha gått på Vik-sida av Skjelingsvatnet, om lag midt på fjellet. Det vart meldt å vere passasje, men det var samtidig meldt at det var trongt å passere.
Entreprenør var varsla, og var på veg til rasstaden.
Klokka 15.49 vart det meldt at vegen var rydda og at riksvegen var opna att for fri ferdsel.