– No skal alt vere i orden, seier Oliver Hatland, trafikkoperatør ved Statens vegvesen tysdag kveld.

Tysdag morgon vart rute C på ferjesambandet Lavik – Oppedal innstilt. Årsaka var at det var nokre boltar på brennstoffventilane i motoren på MF «Stord» som var knekte. Ferja kunne ikkje gå før det vart reparert.

No er det reparert og rute C er i gang igjen.