Russetreff ligg tynt an for andre året på rad
Rundt 14.500 har kjøpt billettar til russetreffet i Kongeparken i Rogaland. Pandemien set likevel truleg ein stoppar for festen også i år.
Kvart år samlast tusenvis av russ i Kongeparken i Rogaland. Årets billettar vart rivn bort, sjølv om pandemien som stansa treffet i 2020, framleis herjar.
– Eg trur ikkje det er sannsynleg at ein kan halde eit Landstreff med så mange menneske samla i mai, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI til NRK.
Fjorårets treff vart avlyst i mars, nokre veker etter at pandemien hadde festa grepet.
Pressesjef for Landstreffet, Aasmund Lund, seier årets treff blir planlagt som normalt inntil det kjem meir handfaste svar.
– Viss det ikkje blir mogleg å gjennomføre som normalt, så jobbar vi med fleire ulike alternativ, seier han.
Kommentarer til denne saken