Russen fortvilar over regel-stramminga

VIL BLI HØYRDE: Visepresident Malene Savland og russegeneral Vebjørn Hafstad i russestyret ved Hafstad Vgs håpar politiet vil ta omsyn til meiningane deira, slik at russen i Sogn og Fjordane kan få ei fin feiring saman.

VIL BLI HØYRDE: Visepresident Malene Savland og russegeneral Vebjørn Hafstad i russestyret ved Hafstad Vgs håpar politiet vil ta omsyn til meiningane deira, slik at russen i Sogn og Fjordane kan få ei fin feiring saman. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Utan russearrangement blir fylkets russ splitta, meiner russestyret ved Hafstad Vgs. No håpar dei på ei løysing.

DEL

– Vi hadde sett pris på om vi fekk beskjed før beskjeden kom i avisa. Vi hadde kunne komme med mange innspel, det er jo oss det gjeld, seier visepresident Malene Savland i russestyret ved Hafstad vidaregåande skule.

Då Firda skreiv om at det ikkje blir russearrangement på Sanden og på Breim, hadde ikkje russen sjølv høyrt noko anna enn at dei kanskje ikkje får opphalde seg på Festplassen i Førde i mai.

– Vi vil ha ein god dialog med politiet, så dette var ganske skuffande frå deira side, supplerer russegeneral Vebjørn Lyngstad.

Russen fortel at det første møtet mellom russen og politiet ikkje vil skje før torsdag 23. november.

Viktig for fylket

Beskjeden om at det ikkje blir felles arrangement for russen i Sogn og Fjordane kom brått på russestyret.

– Det er veldig dumt, arrangementa er noko av det russen i Førde gler seg til aller mest. Mange prioriterer det over landstreff, seier visepresidenten, og forklarar at treffa er ein fin arena for russen å bli kjent på tvers av kommunegrenser.

– Og så blir det eit arrangement berre for russen, det er kjekt. Viss vi møtast utan at det er rammer rundt, kjem det mange som ikkje er russ, legg Lyngstad til.

Dei to trur ikkje eit 18-årsarrangement med skjenking på staden vil vere uaktuelt for russen å dra på, men dei synest det er trist at ein då ekskluderer mange.

– Når så mange svartruss ikkje er 18, då blir det veldig splittande. Vi vil inkludere alle som vil feire fullført skulegang, det blir ikkje riktig viss nokon blir sittande heime og ikkje feirar fordi dei ikkje får vere med på russearrangementa, seier Lyngstad.

Vil ikkje ha bråk

Representantane frå russestyret har forståing for at russen må følge lova, men er oppgitte over at dei ikkje har fått sjansen til å diskutere alternative måtar å arrangere russetreff som inkluderer alle.

– Arrangementa har vore ein stor suksess, og russen i Sogn og Fjordane har oppført seg fantastisk bra dei siste åra, seier Savland og Lyngstad.

Dei trur ikkje innstramming av reglar vil føre til betre forhold i mai.

– Russen vil uansett feste, eg tenker det er betre for både oss og politiet å samle alle på ein plass. Det vil krevje mindre ressursar enn om det blir spreidde feiringar, der politiet må ha ein bil i kvart hjørne av fylket, seier Lyngstad.

– Ein må sjå på det med sunn fornuft, og finne ei løysing som funkar for alle, ikkje berre for politiet, legg Savland til.

No håpar dei og resten av russestyret at møtet 23. november vil føre til semje mellom russen og politiet, slik at dei kan behalde tradisjonen med fylkestreff.

– Vi håpar vi kan overtyde politiet om at vi ikkje er så ille som dei trur, vi vil ikkje ha noko bråk, seier Savland.

Artikkeltags