Gå til sidens hovedinnhold

Rusa tenåring på skuter stoppa av forbipasserande

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag kveld i 22-tida, måtte politiet ta hand om ein rusa skuterførar i Førde.

Vedkommande var ein mann i slutten av tenåra, og var ikkje begeistra over å ikkje få lov til å køyre heim.

– Han var sint. Han hadde køyrt og stoppa ein stad, der nokon forbarma seg over han og prøvde å halde han att. Dei hadde teke nøklane hans så han ikkje fekk køyre vidare, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algerøy.

På Twitter melder politiet at den unge mannen kasta hjelmen på elva og gjekk rundt utan sko.

Ligg an til å miste førarkortet

Føraren har fått førarkortet kverrsett og er meldt for ruskøyringa. Kor alvorlege konsekvensar dette får for han, kjem an på kor høg promille som dukkar opp på resultata frå blodprøvene som vart tekne av han.

– Ved lågpromille mellom 0,2 og 0,5 prosent kan du unngå å miste førarkortet, men her var det utslag på alkometeret som tyder på at det er ein god del meir enn det, så han blir nok utan førarkort ei stund, seier Algerøy.