Gå til sidens hovedinnhold

Rusa og utagerande mann gjekk til angrep på politiet. Vart peparspraya og arrestert

Artikkelen er over 1 år gammel

Vest politidistrikt melder om ei hending på ei privat adresse i Øvre Årdal rett før klokka 02.00 natt til søndag.

– Det var ein kar som ringde til oss og bad oss komme, fordi kameraten hans hadde komme blodig heim og sa at politiet hadde gjort det. Politiet kom til staden og prøvde å forklare at dei ikkje hadde noko med saka å gjere. Då vart det basketak, og begge polititenestemennene vart slått i hovudet og ansiktet, fortel operasjonsleiar Per Algrøy.

Mannen, ein utanlandsk statsborgar i 40-åra, var rusa.

– Mannen vart peparspraya og lagt i handjern. Han er no på veg til arresten i Bergen, seier Algrøy.

Også bråk på stadion

Også tidlegare den same kvelden vart det meldt om bråk i Øvre Årdal. Det skjedde på Jotun stadion i 23-tida.

– Patruljen på staden melder om mange mindreårige, ein del var rusa. Somme sprang då patruljen kom. Det er ikkje oppdaga noko skadeverk per no. Saka vert følgt opp etter helga, seier Vest politidistrikt.

Operasjonsleiar Algrøy trur ikkje at desse to hendingane har nokon samanheng.