Klokka 09.05 fekk politiet melding om at ein bil var stolen frå ei bustadadresse i Florø sentrum. Bilen kom seinare til rette på ei anna adresse i byen.

I samband med tjuveriet vart ein rusa mann i 30-åra tatt med til lege, fordi politiet mistenkte at han hadde noko med tjuveriet å gjere.

Politiet held fram med undersøkingar, men mannen er meldt for tjuveri av bilen, køyring i rusa tilstand og for å ha køyrt utan førarkort, opplyser Vest politidistrikt.