Rusa mann måtte sove ut i arresten

I Førde var ein rusa mann i 30-åra ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Dette førte til at han måtte tilbringe natta i drukkenskapsarrest.

DEL

– Han var full og oppførte seg utagerande og var høglydt. No sit vedkommande i drukkenskapsarresten i Førde, seier Kåre Toreid, førstebetjent ved Flora Politistasjon.

– Vanskeleg mot politiet

På Twitter skriv Vest politidistrikt at mannen sette seg litt opp mot politipatruljen når dei fekk kontakt med han.

– Han var ute av stand til å ta vare på seg sjølv, skriv Vest politidistrikt.

Det blir oppretta sak mot mannen.

Politiet måtte også sjå til ein annan person i Førde.

– Ein rusa mann gjekk og sjangla i Førde sentrum. Han var til fare for seg sjølv og dei andre i trafikken. Mannen vart tatt hand om av ein venn, seier Toreid.

Artikkeltags