Gå til sidens hovedinnhold

Rusa 22-åring var ufin mot andre – hamna i drukkenskapsarresten

Mannen blir også meld.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde laurdag om at ein 22 år gamal mann var sett i drukkenskapsarresten. Mannen skal ha oppført seg ufint mot andre personar på Hafslo i Sogndal kommune.

I tillegg til å hamne i drukkenskapsarresten, vert også mannen meld.

Det er heller ikkje lenge sidan politiet i Sogn måtte rykke på ei liknande hending.

Måndag måtte dei også ta hand om to unge menn, som var ufine mot andre og som spreidde frykt blant born og vaksne. Også desse vart sett i drukkenskapsarrest, men desse to bestemde seg også for å sette seg imot arrestasjonen så kraftig at dei også vart melde for vald mot tenestemenn.