Tysdag kveld fekk politiet melding frå ein person om at bilen til innringaren hadde blitt stolen. Dette skal ha skjedd på Nordfjordeid.
– Då bileigaren ringde hadde det nettopp skjedd, og medan han var på tråden med telefonen såg han at bilen stansa og at tjuven stakk av til fots, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.
Hausvik fortel at når patruljen kjem til staden så skal sivile folk ha fått kontroll på tjuven som var ein 18 år gamal mann. Han vert no meldt til politiet for bilbrukstjuveri.
Han blir også meldt for køyring i påverka tilstand, køyring utan gyldig førarkort og kroppskrenking.
– Han skal ha slått til ein person, eg antar at dette skjedde når nokon av dei sivile prøvde å halde han igjen, seier Hausvik.