Vest politidistrikt melder at det er røykutvikling frå ei ferje på strekninga Lavik-Oppedal.

Ifølge politiet ligg ferja no til kai, og alle passasjerar og bilar er komme på land. Det er ikkje meldt om personskadar.

Naudetatane er på veg til staden.