110 Vest melde klokka 18.14 fredag kveld om røykutvikling frå ein bustad i Aurland. Røyken var då meldt å komme frå ein vegg, vart det opplyst.
Både brannmannskap og politi vart sendt til staden.
Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde klokka 18.21 at det ikkje var observert flammar. Det var heller ikkje nokon som var skadde på staden.
Vaktkommandør Helge Lund fortalde klokka 18.43 at dei var inne i bustaden, og at det var mykje røyk der.
– Alle bebuande er ute av huset, sa Lund då.
Vaktkommandøren fortalde at det ikkje var meldt om opne flammar, men at røyken kom inne frå ein av veggane. Røykdykkarar var då inne i bustaden for å finne kjelda. Brannmannskapet også hadde då også kopla frå det elektriske anlegget.
Det vart slått fast å vere ein ulmebrann i bjelkelaget mellom etasjane i bustaden. Det vart deretter jobba med å lokalisere eksakt kvar.
Klokka 20.15 har brannvesenet returnert frå staden, skriv Sogn Avis.
– Brannen er sløkt. Det er ingen som bur i huset og eg kjenner ikkje til at nokon skal ha vore utsett for røyk, seier Håkon Myking på Alarmsentralen til avisa.