Klokka 13.22 melder 110 Vest om at det har oppstått røykutvikling i ein bossbil.

Den skal vere ved Fristadvegen nære Askvoll sentrum.

Både brannvesen og politi er på veg. Det er ukjent om det er opne flammar.

Bilen står på ein sideveg, og er ikkje i vegen for anna trafikk.

– Vi fekk nettopp melding frå brannvesenet om at dei er framme på staden, og har sløkt røyken med vatn, fortel operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Vest, Steinar Hausvik.

Politiet kom til staden 13.40.

Litt før klokka 14.00 melder 110 Vest på Twitter at brannvesenet har tatt ut fem litiumbatteri av typen som blir brukt i modellfly, og at desse var årsaka til røykutviklinga.

Merk: Kartet viser ikkje nøyaktig posisjon for hendinga.