Gå til sidens hovedinnhold

Røykutvikling i avfallskonteinar ved Grotlesanden

Det melder 110 Vest klokka 18.08 laurdag.

Det er ikkje kome meir informasjon om omfanget enno.

Klokka 18:02 fekk 110 Vest-sentralen melding om røykutvikling frå ein avfallskonteinar nede ved den populære badestranda i Bremanger.

Brannvesenet har blitt kalla ut til staden, men er ikkje komen fram til staden, opplyser vaktkommandør Helge Lund til Firda.

– Det er ikkje meldt om opne flammar men det røykar og dampar av konteinaren, seier han.

Avfallskonteinaren står for seg sjølve nær strandkanten og det skal ikkje vere fare for spreiing.

– Når brannvesenet kjem fram vil dei dynke konteinaren med vatn.

Firda kjem tilbake med meir.

Kommentarer til denne saken