Gå til sidens hovedinnhold

Røykutvikling frå anlegg ved Sunnfjord Miljøverk

Klokka 13:15 fekk 110-vest melding om røykutvikling ved Sunnfjord miljøverk.

– Naudetatar frå brann og politi er på veg til staden, seier Christer Schei, vakthavande kommandør 110-vest.

Røykutviklinga skal ha komme frå eit restavfall, og tilsette ved miljøverket skal ha starta spyling for å minske utviklinga.

– Situasjonen ser ut til å vere under kontroll og røykutviklinga er avtakande, men vi har sendt ut to brannbilar for å vurdere situasjonen og sikre sløkking, seier Schei.

Klokka 13.50 melder 110-vest at brannen er sløkt. Det skal ha vore ein mindre brann i ei bosspresse. Brannvesenet er reist frå staden.