Klokka 19.20 tysdag kveld melder 110 Vest om røykutvikling i maskinrommet på ein 15 meter lang båt i Hyllestad.

Brannmannskap skal vere sendt til Leirvik kai.

– Vi fekk inn ein telefon klokka 19.09 av ein som jobbar på båten. Då hadde dei observert røyk i barbord maskinrom, seier Sigurd Hadeland, vaktkommandør i 110 Vest.

Klokka 19.23 melder Vest politidistrikt at brannvesenet er på staden, og at politi er på veg.

Ifølgje politiets meldingar skal båten ligge til land i Hyllestad. Det skal ha vore tre personar i båten, men desse har komme seg på land.

– Første eining frå brannvesenet er på staden, og melder om flammar i maskinrommet. Brannvesenet er i gang med sløkkingsarbeid, seier Hadeland.

Meir om røykutviklinga: