Politi og brannvesen rykte torsdag ettermiddag ut etter melding om røyk frå pumpehuset til Harpefossen Skisenter.

Innleiingsvis melde 110-sentralen at røyken kunne komme frå ein kompressor. Det bekreftar Rune Haugland, overbefalsvakt i Stad brann og redning.

– Det var olje som hadde leke frå ein kompressor. Varm olje som laga mykje røyk. Det var ingen opne flammar. Så vi berre dekte det med skum, og fekk bukt med det. Det var ikkje noko dramatikk, for vi var tidleg ute, seier Haugland.

Det lønte seg på fleire måtar, for Haugland fortel at det elles kunne gått verre.

– Eg vil tru det ville tatt fyr før eller seinare, sidan det var så mykje røykdanning og varm olje, seier han.

Meldinga gjekk først ut klokka 14.30. Det var då meldt at ein person skal ha pusta inn noko røyk.

Vaktkommandør ved 110 Vest, Jostein Steinsland-Hauge, fortel at han reknar med at denne personen var sett til av helsepersonell, då alle naudetatar var sendt til staden.

Han fortel vidare at naudetatane klokka 15.51 hadde meldt seg ferdige på staden.