– Eg trudde eg kunne svømme, seier Roy Sunde i dagens podkast med Simon Vie.
Det er 1978 og sju år gamle Roy er på svømmeundervisning på skulen. Det var litt andre krav til undervisninga den gongen, så det var så som så med oppsynet med smårollingane.
– Slik eg hugsar det gjekk eg bort til læraren og spurde om eg kunne få lov til å hoppe uti den djupe delen av bassenget. Han svarte ja, men det var mest truleg meint til han som han faktisk stod å snakka med, og ikkje meg, seier Roy.

Det vart fullt kaos på Firda Billag etter rampestreken til Per Stian
Dette var heilt på slutten av timen, og læraren var i full gang med å få ungane opp av bassenget og inn i garderoben. Der inne var det ein medelev som merka at det mangla nokon.
Roy låg livlaus på botnen av bassenget. Det siste han hugsar var ei luftboble som steig opp til overflata.
– Dei fekk meg opp att og greidde å gjenopplive meg, seier han.
Det beste med historia, seier Roy, er det som skjedde etterpå. For han vart sendt til sjukehuset i Florø med kjemisk lungebetennelse på grunn av kloret i lungene.
– Legen sat i ambulansen og strauk meg på handa og forklarte at eg nok måtte ligge på sjukehus i ei stund. Då hadde eg svart at eg håpte eg kom ut att frå sjukehuset før helga, for på laurdag skulle vi på bading. Er det rart eg aldri lærer, seier Roy.
