Søket avslutta: – Er det ulv i området, vil det skje noko meir

DEL

Fredag 20. juli meinte ei kvinne som kom frå køyrande frå Svelgen at ho såg ulv i krysset på Grov. Fylkesfellingslaget vart umiddelbart varsla og var raskt på plass. Eitt lag var ute og leitte i terrenget, og frå Førde kom det sporhundar. Men leiar i fylkesfellingslaget, Arve Aarhus, seier søket blei avslutta fredag kveld rundt klokka seks.

– Ein må jo ha noko å jobbe med for å halde fram, ein kan ikkje leite blindt. Havet er stort og båten er liten, for å seie det slik, så ein må ha spor å følgje, seier han til Firdaposten.

– Er ein då sikre på at det ikkje har vore ulv på Grov?

– Det kan ikkje utelukkast, men heller ikkje bekreftast. Det blei ikkje funne veken spor eller biologisk materiale; det einaste ein har er den synsobservasjonen som blei gjort. Men det som er å forvente, er at om det er ulv i området, så skjer det noko meir. Det kan vere fleire synsobservasjonar, spor eller drepne husdyr som gjer at ein kan jobbe vidare, avsluttar Aarhus.

Artikkeltags