Rotevatn reagerer på at kommunar boikottar TV-aksjonen

REAGERER: Miljøvernminister Sveinung Rotevatn.

REAGERER: Miljøvernminister Sveinung Rotevatn. Foto:

Av
DEL

Til no har 21 kommunar varsla at dei vil boikotte årets TV-aksjon. Miljøministeren meiner nokre kommunar gjer alt til rovdyrpolitikk.

Det er Verdsnaturfondet (WWF) som får pengane frå TV-aksjonen i år. Pengane skal gå til arbeid mot plastsøppel i havet.

Miljøminister Sveinung Rotevatn (V) meiner enkelte kommunar ikkje klarer å sjå at TV-aksjonen ikkje handlar om rovdyrpolitikk, men plast i havet.

– Det er det pengane går til, ikkje noko anna. Eg synest dei bør la vere å politisere det her for å fremje eit syn i ei heilt anna sak. Dette bør ein klare å halde skilt, seier Rotevatn til NRK.

Han kan ikkje tvinge kommunane til å gjere om sine boikottvedtak, men håpar no kommunane går ein runde til.

Åsnes kommune er ein av kommunane som har vedteke å boikotta TV-aksjonen.

– Her har det vore utfordrande, særleg med WWF si haldning til skogvern og rovdyr. Mange synest det er uheldig at dei fekk TV-aksjonen og synest det er vanskeleg å støtte opp om, seier ordførar Kari Heggelund (Sp) til kanalen.

p(©NPK)/p

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken