Gå til sidens hovedinnhold

Rotevatn og Bjørlo toppar listene hos Vestland Venstre

Laurdag stemte valkrinsane i Sogn og Fjordane og Hordaland om kven dei vil ha som toppkandidat til Stortinget. Valet fall på to nordfjordingar.

– Min viktigaste motivasjon for å stille til val til Stortinget for Venstre i 2021, er at eg er 100 % distriktsoptimist, seier Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane valkrins var samrøystes i valet av Stad-ordføraren. Gunhild Berge Stang (46) vart vald som 2.-kandidat og ungdomskandidat Ole Martini (21) frå Stad fekk 3.-plassen.

I Hordaland valkrins vart det kampvotering mellom Sveinung Rotevatn og Terje Breivik, der førstnemnde gjekk sigrande ut.

– Eg håpar på tillit frå veljarane i Hordaland til hausten, og gler meg til å stå på i valkampen saman med dei andre dyktige kandidatane på lista, seier Rotevatn.

Han sat på Stortinget for Sogn og Fjordane frå 2013 til 2017. Han har seinare vore statssekretær i fleire departement. No er han Klima- og miljøminister i regjeringa Solberg. Han er også tidlegare leiar i Unge Venstre og har sete som kommunestyrerepresentant i Eid.

Les også

Mann må i fengsel for å ha trua Rotevatn

Les også

Vil ha Alfred og Gunhild som toppkandidatar

Kommentarer til denne saken