– Dess tidlegare brystkreft vert oppdaga, dess meir skånsam blir behandlinga. I tillegg blir prognosane betre. Det slår Brystkreftforeningen fast.

Årets Rosa Sløyfe-aksjon handlar om nett det, å oppdage brystkreft tidleg. Og det har Gunvor Beate Bjordal Solvik fått kjenne på kroppen.

For 29 år sidan vart mora hennar brystkreftoperert. Derfor har Solvik vore til jamlege kontrollar, for brystkreft kan vere arveleg.

Heldig, trass alt

For fire år sidan var ho på kontroll og tok mammografi. Der fann dei ein kul på fem millimeter.

– Det var ikkje ein koseleg beskjed å få, seier Solvik.

Ho fortel vidare at ho hadde mange tankar i hovudet. Ho lurte mellom anna på om ho fekk vere med på konfirmasjonen til dottera, som då var 8 år.

Kulen vart fjerna. Ho fekk beskjed om at den var godarta og fekk strålebehandling. Sidan kulen var godarta slapp ho cellegift.

Etterpå har ho blitt følgt godt opp med årlege mammografiar og kontrollar.

– Eg har vore veldig heldig, seier Solvik.

Overvelda over responsen

– Vi har rundt 90 påmelde til no, seier Liv Janne Bell Jonstad.

Tidlegare har Rosa Sløyfe-løpet stort sett blitt halde i dei store byane, men Brystkreftforeningen har opna for at mindre plassar også kan arrangere eigne løp. Dei vert kalla eldsjel-løp.

Ifølge Rosa Sløyfe-løpet si nettside deltok over 2200 menneske på eldsjel-løp rundt om i fjor.

Det er Solvik som er hovudarrangør for løpet i Førde.

– Dette er veldig viktig for meg. Det er heilt fantastisk med så mange påmelde. Vi er overvelda over responsen, seier Solvik.

Det er framleis mogeleg å melde seg på dersom ein vil vere med å støtte Brystkreftforeningen. Elles kan ein berre møte opp.

– Men vi ønskjer sjølvsagt at folk melder seg på og betaler. Pengane går til viktig forsking, seier Solvik.

Frivillig

Jonstad seier at dei har fått låne Førdehuset, og Cecilie Erlandsen frå Puls er med for å halde oppvarming.

– Arrangementet er bygd på frivillig arbeid, seier ho.

Startskotet går klokka 18.00. Starten er ved Førdehuset, vidare forbi Sunnfjord hotell, rundt Alti-senteret, bort til Øyrane og opp den nye vegen til sjukeheimen. Vidare derifrå går løpet til ungdomsskulen og så via Angedalsvegen og tilbake til Førdehuset.

– Det er ei løype på ganske nøyaktig tre kilometer, seier Jonstad.

Damene oppmodar folk om å kle seg i rosa og å lage liv og røre i Førde sentrum denne kvelden.