Riksveg 5 opna for fri ferdsel

DEL

Statens vegvesen melder at riksveg 5 ved Fjærlandstunnelen vil bli stengt i om lag ein time frå klokka 15.30.

Årsaka er at betongbilen som tidlegare i dag velta skal bergast. Dette medfører at vegen blir heilt stengt medan berginga går føre seg.

Klokka 16.30 vart vegen opna for manuell dirigering.

Klokka 19.00 melder Statens vegvesen at vegen igjen er open for fri ferdsel.

Artikkeltags