– Dette skuldast hovudsakleg koronaen. 12. mars stengte Norge ned, og sidan det har vi ikkje selt noko, seier hovudeigar Finn Einar Kvamme til Dagens Næringsliv.

Selskapet har sidan 1984 drive med sal av eigenproduserte dressar. Men som følgje av koronaepidemien og tiltaka som er sett i verk som følgje av krisa har dei tapt omsetnad, og der var ikkje lenger grunnmlag for vidare drift.

– Sidan 12. mars har vi tapt om lag 10 millioner i omsetnad, og det vil berre halde fram. Sjølv om vi sparer og permitterer, så har vi gjort innkjøp for heile det første halvåret. Lønskostnadane våre er berre 15 prosent av totalen. Det er varekostnader som er den store utgifta, seier Kvamme til DN.