Tullet til katastrofekullet svinga heftig

Desse gutane sjokkerte med å kasta allle plagg. F.v. Sondre Sandvoll, Nikolai Njøsen Hilding, Kristian Holme Ulleland, Erlend Moen Taule, Nikolai Sæterdal, Ole Bjørn Eithun Pedersen, Simon Fålund, Kristian Stokkevåg, Cedrik Fonn Skåre og Niclas Andersen

Desse gutane sjokkerte med å kasta allle plagg. F.v. Sondre Sandvoll, Nikolai Njøsen Hilding, Kristian Holme Ulleland, Erlend Moen Taule, Nikolai Sæterdal, Ole Bjørn Eithun Pedersen, Simon Fålund, Kristian Stokkevåg, Cedrik Fonn Skåre og Niclas Andersen

Artikkelen er over 4 år gammel

I revypremieren til den sjølvoppnemnde katastroferussen, skapte Hafstadraussen stor stemning i fullsett sal.

DEL

– Endeleg er vi i mål, dette gler vi oss stort til, fortalde revysjef Sandra Elise B. Baraas under premiera til årets russerevy for Hafstadrussen då folket strøyma inn.

Variert program

Russen kom klappande og dansande inn i Storsalen. Samstemt sang dei; «Hafstadrussen er dei beste og vi står saman her. Vi er så glade i deg, å, kjære skulen vår.»

God reklame blei det også for skulen deira, med eit publikum som vakna stadig meir til liv.

14 nummer stod i programmet. Her var det sketsjar som «Hafstad vs. Øyrane», «Råd til kidsa», filmar som var laga på førehand, samt fengande musikk som russen dansa samkøyrde til.

Det siste nummeret, gutedans skulle i tradisjon tru sjokkera. Unge karar kasta alle plagga framfor eit publikum som nærmast skreik i ekstase. Ein liten, gul hjelm var alt som dekka manndommen deira til slutt, og når dei snudde seg i blanke messingen oma jenteskrika.

195 russ går ut frå Hafstad vidaregåande skule i år, og revysjefen fortel at alle var involvert i revyen. Mange var med i produksjonen i tillegg til dei på scena, som også hadde eit band på fire elevar som livna opp med levande musikk.

«Katastrofekull»

Bakgrunnen for at dei kalla seg katastrofekullet, hadde fleire forklaringar.

– Den største katastrofen var at 96-kullet var fødd, seier revysjef Sandra Elise og ler.

– I tillegg viser vi til naturkatastrofar, eit år med ustabilt vêr og at vi starta skuleåret med streik, fortel ho.

Russen gjorde eit nummer av eigen generasjons prioriteringar, med å visa at ein er meir  opptatt av å selje seg sjølv gjennom tekniske duppedittar enn å vera til stades. Sminka jenter i sin finaste stas tok «selfies» av seg sjølve medan dei skrytte av talet på «retweets», «likes» og eigen popularitet på «insta».

Det blei slåstkamp på scena, då jenter i Felleskjøpet-dress sa dei kom frå Mo og Øyrane vidaregåande. Dei ville slå ned overpynta jenter frå Hafstad, ein noko simpel provokasjon.

Med rumpa bar

Rektor, Grethe Øren, kom på scena etter avslutningsnummeret, då dei nakne gutane sprang bak teppet.

– Tusen takk for ein fantastisk kveld. Enkelte nummer blei litt sterke for meg då, spesielt det siste nummeret, sa ho og kremta litt.

– Men det var flott då, smilte ho, og då applauderte salen til stor begeistring.

Publikum kom i alle aldrar.

– Om det blir noko overskot frå billettsalet vil vi gi det til hjelpearbeid, fortel russepresident Ruben Skrede.

Artikkeltags