NRK Sogn og Fjordane skreiv tidlegare i dag at i rekninga på 11 millionar kroner som Sogn og Fjordane fylkeskommune har betalt konsulentfirma for bistand i samband med salet av Fjord 1, ligg ein pott på 300.000 kroner til dekking av restaurantrekningar og liknande. Desse pengane er utbetalt frå fylkeskommunen til konsulentfirmaa, utan at fylkeskommunen har sett kvitteringar for utlegga, skriv NRK.

Fylkesrådmann Tore Eriksen seier til NRK at fylkeskommunen har ikkje behov for å vite kva mat konsulentane har ete:

- Vi har drøfta praksisen med revisoren vår, og han seier systemet vårt er greitt, seier Eriksen.

Revisoren det er snakk om, nyanserer dette llitt:

- Kva gjeld Sogn og Fjordane fylkeskommmune sin rekneskap, er fakturaen frå Fjord1-konsulentane i utgangspunktet grei, seier  Ingvar Linde, leiar for SF revisjon, som reviderer Sogn og Fjordane fylkeskommune. Han bekreftar at fylkeskommunen si økonomiavdeling var i kontakt med SF revisjon om kva dokumentasjon som i slike tilfelle må ligga i kommunen sitt rekneskap.

-  Det vi har uttalt oss om er at ein faktura som kjem frå eit firma der det står oppført timar og utlegg til mat o.l., er tilstrekkelig i eit rekneskap.

Men når dei ikkje har lagt fram kvitteringar på 300.000 kroner, så har dei vel ikkje dokumentert at utgifta faktisk har vore der?

-  Fylkeskommunen si utgift er fakturaen frå selskapet. Det er det bilaget som trengst i eit rekneskap.

Så at fylkeskommunen betaler ut statlege midlar basert på noko som står skrive på eit ark, utan kvitteringar på det, det er greitt?

-  Korleis fylkeskommunen vurderer dette, dei kan ha mange måtar å gjere slike vurderingar. Ein kan til dømes utbetale ein diettsats, utan nokon dokumentasjon. Står prisen i forhold til det, kan det vere ein måte å vurdere den prisen på.

Her er m.a. ført opp ein post på 925 kroner for eit måltid, det er no openberrt nokså mykje meir enn vanleg diett?

-  Ja, men i forhold til skattemyndigheitene så er det konsulentselskapet som må dokumentere dei utgiftene. 

Så Fylkeskommunen sin praksis er grei?

-   Dei har dokumentert utgiftene sine, det er det eg uttalar meg om. Korleis dei kontrollerer fakturaen i forhold til inngått avtale, det seier vi ikkje noko om. No.

-   No? Betyr det at de kan komme til å vurdere det seinare?

-   Vi kan komme til å vurdere om dei kontrollane som skal gjerast, er gjort. Rekningane er signert og tilvist, og i det skal ligge at det er gjort ein kontroll i forhold til at prisen er rett.

-   Skal ein slik kontroll være at ein har sett kvitteringar?

-   Det treng det ikkje nødvendigvis vere. Ein må sjå det opp imot den avtalen ein har gjort med selskapet, og kva som er sagt der om korleis prisar skal fastsetjast.

Avsløringane i dag fekk leiar i fylkeskommunen sitt korntrollutval Frank Willy Djuvik til å hasteinnkalle til ei drøfting i utvalet. Dei har i dag bedt om ei nærare forklaring.

Fylkesrådmann Tore Eriksen seier til Firda at på grunn av henvendinga frå kontrollutvalet vil han ikkje kommentere denne saka nærare i media.