Revansjerte dårleg sprint, men no var det skytinga som svikta: – Dei skota skal eg normalt ha kontroll på

Etter niandeplassen på sprinten laurdag, var Karoline Erdal ordknapp og langt nede. Søndag var ho tilbake i humør, sjølv om ho bomma unødvendig og fall ned til 16.-plass. – At kroppen fungerer er noko å ta med seg, seier ho.