Rettsaka er i gang

Ein ung mann skal ha blitt kidnappa og køyrd til Ankerløkken, der han deretter blei slått til blods. Saka går i Sogn og Fjordane tingrett heile denne veka.

DEL

Kidnappinga hendte i Førde natt til laurdag 26. oktober i fjor.

Ein mann i 20-åra står tiltalt for bortføring og vald mot den fornærma. To andre unge menn står tiltalt for å ha medverka.

Denne tysdagen forklarer ein av dei som er tiltalt for medverknad seg i retten.

Den hovudtiltalte skulle ha kome med forklaring denne tysdagen også, men møtte ikkje. Han sit i fengsel og blei sendt til Førde på måndag for å møte i retten etterfølgande dag. Han fekk overnatte på glattcella hos politiet i Førde, men det isolerte tilværet blei krevjande.

– Han har vore gjennom ei natt der han omtrent ikkje har sove, og har meddelt at han ikkje er i stand til å forklare seg i dag, sa forsvararen, som også skildra glattcella som eit av landets verste døme på glattcelle.

Den tiltalte ønsker å forklare seg, men i staden gjennom videostrøyming frå Bergen. Forklaringa hans er derfor flytta til onsdag.

Andre krimsaker:

Artikkeltags