Nytt anbod. Båtrutene i Sogn og Fjordane (Bergen / Sogn /Nordfjord) skal ut på nytt anbod. I det høvet blir det slått opp at kostnaden vil bli 1,5 mrd. høgre. Det er rekna ut frå at kontraktsperioden er på 15 år, og ein har stipulert ein auka kostnad i høve til no på kr 100 mill. / år. Grunnen til auken vert tilskriven kravet til nullutslepp.

For KrF er det ikkje aktuelt å vere med på eit nytt, langt anbod som ikkje inneheld klimakrav. Men også eit nytt anbod utan krav til utsleppskutt vil koste meir enn det som er no. Fordi det vil krevje bygg av nye båtar. Og kva reiarlag, med respekt for seg sjølv, vil i 2023, med den klimastoda verda er i, bygge for så store utslepp? I alle høve ville vel risikoen for det blitt lagt inn i anbodet? I tillegg er det ei viktig oppgåve for fylkeskommunen å medverke til utvikling og slik styrke næringslivet vårt. Ein av dei beste måtane vi kan gjere det på, er å sette krav til innkjøpa våre.

Insentiv for utsleppskutt. Vi kan alle vere samde om at staten bør kjenne på eit like stort politisk ansvar for å nå klimamåla som fylket. Det er derfor ei forventing om at den økonomiske risikoen som måtte ligge i omlegginga vert delt med staten. For private har både førre og noverande regjering slutta seg til å auke CO₂-avgifta. Det vil dermed verte dyrare drift for kvart år ein brukar båtane med gammal teknologi.

Bortsett frå noko som er litt rart; til no har staten kompensert offentleg og næringsliv for auka CO₂-avgift … Det kan vere gode grunnar til det, men det vil jo også slå ut som ein bremsekloss på omstillinga. For meg verkar det litt rart viss ein ikkje «premierer» den som kuttar utslepp, men i staden løyver midlar til den som vel å ikkje gjere det. Så her bør Stortinget vurdere eit nytt «system» der dei i tillegg til CO₂-kompensasjon, har ei belønningsordning som gjer at næringsliv og det offentlege har gode incentiv for å kutte utslepp.

Kvifor ha båt, når det går buss? Det er eit av spørsmåla eg har fått. Det er kanskje symptomatisk at spørsmålet kjem frå område som ikkje ligg ved aktuell seglingslei, men likevel. Det er felles «lommebok» som skal betale, og alle har rett til å bekymre seg for kva som evt må prioriterast vekk. At det er trong for båtrute på kysten av Sogn og Fjordane skjøner alle som har prøvt å reise langs kysten i bil. Kollektivt heng det ikkje i hop, og i privatbil må ein i alle fall innom Førde for å kome fram. Sognebåten går også innom og knyt saman bygder som vanskeleg kan reise med buss til/frå Bergen.

I alle fall må Vikafjellet få lang tunnel først! I tillegg, som ei del av fylket si rolle som, så kjem at begge desse lange båtrutene er viktige for reiselivet og anna næringsliv. Stadig betre internett gjer at mange kan jobbe undervegs. I tillegg er båt ein føretrekt måte å reise på for menneske med nedsett funksjonsevne eller dei som reiser med born.

KrF vil ha båtrutene og meiner føreslåtte krav er gode. KrF meiner innretninga på anbodet med krav til 70 % nullutslepp og bonus for utslepp utover det gjennom ein lang (15 år) kontraktsperiode, vil vere rett. Vi gler oss over at Vestland fylke tar viktige grep for klima, for utvikling og for å nytte den vedlikehaldsfrie sjøen som reiseveg.

Les også

1,5 milliardar kroner for 0,4 promille

Les også

Galskap sett i system