I 1980 gav Einar Berg ut den første fullstendige utgåva av Koranen på norsk, men allereie 15 år før hadde bonden frå Kinn omsett muslimane si heilage skrift.

Mange høyrde snakk om at Einar Seim hadde omsett muslimane si heilage skrift til nynorsk på 60- og 70-talet. Men så vart det stilt i mange år. No vert det skrive biografi om vismannen frå Kinn, og nyleg dukka nynorsk-Koranen opp igjen i ei kasse på loftet til barnebarnet i Florø.

Sjølvlærd bonde

Einar Seim  frå Kinn (1885-1978) var  både målmann og politikar i si levetid, men var mest kjend som Norges mest sjølvlærde bonde.

– Einar var sjølvlærd og utruleg kunnskapsrik, og særskild opptatt av språk, seier Magnus Helge Torvanger. Han er journalist og forfattar, og jobbar for tida med biografien om Einar Seim som skal komme ut før jul i år.

– Han hadde ein uhyre stor interesse for veldig mange fag og eit omfattande bibliotek om alle emne. Han reiste fleire gonger til Shetland og Hebridane for å finne norrønt mål på øyane, og gav også ut ei samling med sunnfjordske ord og uttrykk, seier forfattaren.

Fann den på loftet

Dei to bøkene som dukka opp i kassa på loftet til advokat og barnebarn Snorre Seim i Florø er innbundne og inneheld alle versa frå Koranen. Det er tydeleg at han sette seg godt inn i religionen. I boksamlinga hans på fylkesbiblioteket i Florø finn ein fleire versjonar av Koranen på ulike språk, i tillegg til ei bok om profeten Mohammeds liv og lære. Innimellom permane på dei to bøkene ligg fleire avis-utklipp frå 60-talet som viser bilde frå Mekka og artiklar om Islam.

Som kjelder til omsettinga, som han kalla "El Koran" 1 og 2, nytta han svenske Zettersteen si omsetting frå arabisk til svensk, og engelske John Medows Rodwell sin versjon frå 1861.

Han nytta ein "gammaldags" nynorsk framfor rettskrivinga anno 1965. Framfor  alle versa har han notert om verset vart openberra til profeten i Mekka eller Medina.

Her er omsettinga av opningssuren (al Fatiha) og suren Den reine læra (al Ikhlas)

1. Sura. Opninga

I namnet åt Allah, den vårkunnsame, den nådige.

Lova vere Gud, Herren yver alt det skapte!

Den vårkunnsame, den nådige!

Domedags-kongjen!

Einast deg tilbed me, og til deg ropar me um hjelp.

Leid du oss på den strake vegen,

vegen åt dei som Du hev vore nådig i mot,

som du ikkje harmast på, og som ikkje fer vilt.

112. Sura . Den reine læra (Al Ikhlas)

I namnet åt Allah, den vårkunnsame, den nådige.

Sei: Berre han er gud,

Gud den ævelege.

Han avlar ikkje, og er ikkje sjølv avla,

og ingen er Hans like.

Ei god lære

I eit stort intervju med Vi Menn i 1965 fortalde Einar Seim at grunnen til at han ville omsette Koranen var for å stille nysgjerrigheita si. Han var genuint interessert i andre religionar, og han meinte at ein religion som kunne trollbinde 350 millionar menneske måtte ha noko å gi oss. I dag finst det meir enn ein milliard muslimar i verda.

På spørsmål om kva islam gav Seim, svarte han at sjølv om bodskapet ikkje kunne samanliknast med Jesu bodskap, hadde Koranen og islam mykje god lære i seg. Han nemnde mellom anna at han fann igjen historiene frå Bibelen i Koranen, og fekk dei enda meir utdjupa.

I artikkelen kjem det også fram at han var vegetarianar og fasta ofte, og han nemnde eit eksempel frå sunnaen - Mohammed si lære.

« – Muhammed har sagt at ingen mann  fyller ein simplare sekk enn sin egen buk.»
(Einar Seim i Vi Menn i 1965)

Barnebarnet Snorre Seim i Florø fortel at han kan hugse at bestefaren alltid hadde stor interesse for religion og dei store spørsmåla.

– Eg hugsar ein stjerneklår kveld han såg opp på himmelen og sa at, «jo meir du held på, jo meir forstår du kor lite du veit». Han undra ofte over desse store spørsmåla, fortel sonesonen.

Respekt for teksten

Koranen vert i islam rekna som Guds ord, og ein mister derfor det heilage om ein prøver å gjengi bodskapet på eit anna språk. Dermed er all omsettingar menneskelege tolkingar av teksten. Det er med andre ord eit sensitivt område å gi seg ut på.


Einar Seim var ein stor språkmann og kunne mange språk. Intervjua som vart gjort med han i perioden etter han omsette Koranen til nynorsk viser at han hadde stor respekt for språket  i Koranen, og at han nemnde at alle omsettingar tapar seg frå originalen. I eit intervju med Sunnmørsposten i 1972 sa han at det ikkje var lett å omsette til nær sagt vanleg prosa det som er reine poesien på originalspråket, men det kjem ikkje fram av nokon av intervjua om han nokon gong lærte seg litt arabisk.

For seg sjølv

Han hadde ikkje tenkt  alvorleg på å gi ut boka. I artikkelen med Sunnmørsposten i 1972 spør journalisten om han ikkje vil gi ut Koranen:

« – Njaa, seier han og kleier seg på halsen, eg fekk eit brev frå eit av desse forlaga borti Oslo, dei hadde fengje nasen i det, då hadde det vore ein journalist frå Aftenposten her, og han såg denne boka bortpå bordet, og så laut eg fortelje at det var Koranen. Dei spurde om dei ikkje kunne få manuskriptet, - men… eg svarde dei ikkje».

«Eg (journalisten) ser litt undrande på han, og han seier: - Det er no godt å ha for seg sjølv og. Det ladar liksom litt meir opp dette her – han pikkar seg i skallen – mottakarapparatet.»

Gir den truleg vekk

I dag er det opp til familien kva som skal gjerast med denne kulturskatten.

– No må vi i familien sjølvsagt ta stilling til om vi skal overlate dette til det offentlege, om dei er interesserte, seier sonesonen Snorre Seim.

- Det er uansett ikkje noko poeng for oss å halde på det for oss sjølv lenger, seier Seim.

Forskaren: - Viktig del av historia

Nora Sunniva Eggen er arabist, forfattar og islam-forskar ved Universitetet i Oslo. Koran-omsetting er noko av det ho har forska mest på, og ho blir tydeleg begeistra når ho høyrer om nynorsk-Koranen.

– Dette er veldig morosamt og spennande. Eg har faktisk høyrt om omsettinga gjennom forskinga mi, eg trur det kom fram i ein bitte liten notis i Dag og Tid for eit års tid sidan, seier ho.

Ho fortel at Einar Seim er nok den einaste som har omsett heile Koranen til nynorsk. Oddbjørn Leirvik, professor i inter religiøse studium ved Universitetet i Oslo, har omsett nokre få vers når han har hatt bruk for det.

– No har eg berre sett eit par av versa til Seim, men det er eit fint, litt arkaisk språk. For meg blir jo alt på nynorsk litt poetisk, men eg synes alltid at nynorsk innbyr mykje meir til høgtlesing, og her er det jo ganske høgtideleg og høgstemt også. Det skal bli artig å få sjå resten, seier ho.

Ho håpar familien Seim no vil donere omsettinga og tilhøyrande materiale til Nasjonalbiblioteket.

– Det hadde vore veldig interessant for meg å få sjå på dette. Ikkje berre for forskinga mi sin del, men også med tanke på norsk kulturhistorie.  Det gjer noko med tilhøyra til muslimar å vite at nokon sat på ei lita øy og interesserte seg for religionen deira på 60-talet. Det er eit kapittel om historia om islam i Norge. Det var ikkje så mange muslimar i Norge på den tida, og det var i ein heilt anna kontekst han jobba med teksten i enn det er i dag, seier Eggen.